Invitasjon til å bli med i Museumsnettverket Soga
Situasjon
- Fleire museum, bygdetun og historielag i Telemark arbeider sjølvstendig og driver si verksemd basert på frivillig innsats
- Aktiviteten er variabel og avhengig av kommunal støtte, eigeninntekter, støtte frå stiftingar, legat, private og offentlege institusjonar og bedrifter
- Det er ei underfinansiering i høve til trong for vedlikehald, utstillingar, gjenstandsregistrering, billetregistrering og naudsynte prosjekt
Samarbeid på tvers er nødvendig
Soga vil vere ein paraplyorganisasjon av frivilligstyrte museum, historielag og bygdetun for å:
- Synleggjere aktiviteten og det frivillige arbeidet som leggast ned
- Ha ei felles stemme overfor statlege og fylkeskommunale styresmakter i nettverket
- Utnytte ressursar og kompetanse på tvers innanfor organisasjonen
- Presentere «frivilligstyrte museum» i Telemark i ei IT-løysing innanfor nettverket, der brukarane kan søke i ein database
- Presentere nettverket i Digitalt museum
Føremål
- Koordinere museumsdrift og representere nettverket av dei tilslutta museum/bygdetun/historielag.
- Gje råd til drive innsamling, bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling.
- Nettverket skal bidra til å utvikle drifta i foreininga og gje råd til medlemmane. Råda skal vere bygd på praksis innan nettverket kjente standardar, til dømes ICOM (International Council of Museums) sitt museumsetiske regelverk.
- Nettverket vil ha ei rolle innan den totale museumsverksemda i samarbeid med andre konsoliderte og uavhengige museum, og offentlege organ.
Medlemskap
Soga er eit nettverk innan
- Foto-, bygning- og gjenstandsforvaltning og for deling av kunnskap innan desse områda.
Kva kan Museumsnettverket Soga tilby
- Ein avtale med KulturIT som gjev tilgang til:
– Primus – eit digitalt system for samlingsforvaltning
– DigitaltMuseum – eit system for formidling av kulturskattar, historier, kunnskap, og museet sine tilbod og aktivitetar
– Assistanse og hjelp på Primus/DigitaltMuseum til dei foreiningane/historielaga - Eit nettverk med kompetanse på bygningsvern og vedlikehald
– Organisering av kurs på tvers for å auke kunnskap om byggeteknikkar og gamle handverkstradisjonar. - Vere ei stemme overfor fylkeskommunale og statlege styresmakter
- Gje råd til søknadsprosessar til private og offentlege organisasjonar
- Koordinering av kunnskap og erfaring innan nettverket
Vil de vere med i nettverket så ta kontakt:
post@nettverket-soga.no
Eller kontakt;
Tore Bjørn Pettersen, Bø Museum, tel 90139938
Hans Magne Gautefall, Drangedal Bygdetun, tel 91623402
Thor-Olav Holte, Drangedal Bygdetun, tel 97083880
Dersom de vil ha presentasjon eller meire informasjon så bidrar vi gjerne med det.