Invitasjon til å bli med i Museumsnettverket Soga

Situasjon

  • Fleire museum, bygdetun og historielag i Telemark arbeider sjølvstendig og driver si verksemd basert på frivillig innsats
  • Aktiviteten er variabel og avhengig av kommunal støtte, eigeninntekter, støtte frå stiftingar, legat, private og offentlege institusjonar og bedrifter
  • Det er ei underfinansiering i høve til trong for vedlikehald, utstillingar, gjenstandsregistrering, billetregistrering og naudsynte prosjekt

Samarbeid på tvers er nødvendig
Soga vil vere ein paraplyorganisasjon av frivilligstyrte museum, historielag og bygdetun for å:

  • Synleggjere aktiviteten og det frivillige arbeidet som leggast ned
  • Ha ei felles stemme overfor statlege og fylkeskommunale styresmakter i nettverket
  • Utnytte ressursar og kompetanse på tvers innanfor organisasjonen
  • Presentere «frivilligstyrte museum» i Telemark i ei IT-løysing innanfor nettverket, der brukarane kan søke i ein database
  • Presentere nettverket i Digitalt museum

Føremål

  • Koordinere museumsdrift og representere nettverket av dei tilslutta museum/bygdetun/historielag.
  • Gje råd til drive innsamling, bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling.
  • Nettverket skal bidra til å utvikle drifta i foreininga og gje råd til medlemmane. Råda skal vere bygd på praksis innan nettverket kjente standardar, til dømes ICOM (International Council of Museums) sitt museumsetiske regelverk.
  • Nettverket vil ha ei rolle innan den totale museumsverksemda i samarbeid med andre konsoliderte og uavhengige museum, og offentlege organ.

Medlemskap
Soga er eit nettverk innan

  • Foto-, bygning- og gjenstandsforvaltning og for deling av kunnskap innan desse områda.

Kva kan Museumsnettverket Soga tilby

  • Ein avtale med KulturIT som gjev tilgang til:
    – Primus – eit digitalt system for samlingsforvaltning
    – DigitaltMuseum – eit system for formidling av kulturskattar, historier, kunnskap, og museet sine tilbod og aktivitetar
    – Assistanse og hjelp på Primus/DigitaltMuseum til dei foreiningane/historielaga
  • Eit nettverk med kompetanse på bygningsvern og vedlikehald
    – Organisering av kurs på tvers for å auke kunnskap om byggeteknikkar og gamle handverkstradisjonar.
  • Vere ei stemme overfor fylkeskommunale og statlege styresmakter
  • Gje råd til søknadsprosessar til private og offentlege organisasjonar
  • Koordinering av kunnskap og erfaring innan nettverket

Vil de vere med i nettverket så ta kontakt:
post@nettverket-soga.no

Eller kontakt;
Tore Bjørn Pettersen, Bø Museum, tel 90139938
Hans Magne Gautefall, Drangedal Bygdetun, tel 91623402
Thor-Olav Holte, Drangedal Bygdetun, tel 97083880
Dersom de vil ha presentasjon eller meire informasjon så bidrar vi gjerne med det.